fredag 30. desember 2011

Godt nytt år!

Foto: FlickrCC
Godt nytt år, alle saman! Eg voner at 2012 blir eit år der alle er snille mot kvarandre, dyra og jorda som vi lever på. Eg voner det blir eit år der de les mange bøker, og jobbar godt både i og utanfor norsktimane. Eg voner det blir eit år der vi får mange inspirerande og gode undervisningsøkter i lag.

Vi byrjer det nye året med å gå igjennom heildagsprøvene. Eg ser at vi framleis må jobbe mykje med skriving. Så blir det tid for å kaste seg over ein ny og spennade tidepoke, nemleg barokken.

tirsdag 13. desember 2011

Tider skal komme

Foto: Edwin Booth som Hamlet (1870)
Tider skal henrulle... No skal du lage ei digital tidsline over renessansen. Her lenkjer du til sentrale forfattar, musikk, kunst, kultur, historiske hendinger og anna du meiner kan vere med å kaste glans over renessansen. Så går du inn på bloggen din, og legg ei lenkje til tidslina der. Lukke til!

Har du nokon gong draumt å vere ein annan?

Leonardo da Vinci: Frue med hermelin
Kanskje leve på ein annan stad i ein annan tid?  No skal du få reise attende til 1500-talet. Du vel sjølv om du er fattig eller rik, ung eller gammal, ukjend eller berømt. Du kan vere nordmann, danske, spanjol, italienar eller noko anna. 

Skriv eit dagboknotat kor du skildrar kva du har opplevd denne dagen, eller dei siste dagane. Viss du vel å vere ei fattig bondejente, kan du nok verken lese eller skrive, men kanskje du finn eit snilt menneske som kan skrive ned hendingane for deg. Meir om kva dette notatet skal handle om finn du i dette Google-dokumentet.

tirsdag 29. november 2011

Fokus og struktur- eller: Den som gjentek seg sjølve

gjer det forhåpentligvis ikke forgjeves. Repeter femavsnittsmetoden (eller sjå igjennom PPT som ligg på Fronter). Varm gjerne opp med med denne enkle øvinga: Skriv i ti minutt om folkedikting. Hugs regelen om at det ikkje er lov å stoppe opp og tenkje - berre skriv, skriv, skriv.

Hugs å vere medviten i høve til sjangar. Eg har lagt eit sjangerhefte i Fronter (i mappa om skriving). Ellers så er det gode råd å hente om essay, kåseri og artikkelsjangaren ved å klikke på lenkjene her. Ta deg tida til å lese nokre tekstar (på NDLA finn du m.a. essay skrive av elevar).Ønskjer du tips om tradisjonell folkedikting og morderne eventyr, så er det òg mykje å hente.

Eg har eit ønskje og ei bøn om at de tek nynorsken på alvor. Sjå på teksten frå skrivedagen,så finn du kva du treng å øve særskild på (ta deg tid til å gjere dei oppgåvene det er lenkja til). Du kan òg gå igjennom e-forelesningane om nynorsk og gjere oppgåvene der.

Lukke til!

mandag 28. november 2011

Treff rett - om skriving på heildagsprøva

Foto: FlickrCC





Til heildagsprøva - fagleg innhald

Foto: FlickrCC
De vil som sagt få oppgåver knytta til det fagstoffet vi har jobba med, altså mellomalderen og folkedikting. Her kjem nokre gode råd om de bør ha klårt føre dykk før de kjem på onsdag (det nyttar ikkje å lese seg opp på dette då). 

    søndag 27. november 2011

    Den storslåtte mellomalderen

    Nidarosdomen (1893)
    Arbeidet med Nidarosdomen blei starta omlag førti år etter at Olav den Heilage fell på Stiklestad. Ho stod ferdig i all sin prakt omkring 1300, men skulle seinare bli ramma av fleire store brannar. Restaureringa og gjenoppbygginga av Nidarosdomen har pågått samanhengjande i over 130 år,  og ho pågår ennå. (Kjelde) Når eg er i Nidarosdomen blir eg minnt om at eg er ein del av historien. Det gjer ei god kjensle.

    torsdag 24. november 2011

    Veit du kva som er brunt og lilla og hoppar frå tre til tre?

    Foto: FlickrCC
    Kan du nokre gåter? Gåter har vore ein viktig del av folkediktinga. Dei eigentlege gåtene er omskriving av gjenstandar der ein nytter samanlikning  og besjeling slik at gjenstandar gjer seg ut for å vere noko anna enn dei egentleg er.  Desse gåtene er vanskelege å løyse viss ein ikkje kjenner den gamle bondekulturen.

    Det er betre med ein fugl i handa

    Foto: FlickrCC
    enn ti på taket. "It's better with one bird in the hand, than two in the bush" lyder det på engelsk. Mange ordtaka finn vi igjen på ulike språk, og det ligg gjerne mykje livsvisdom i dei. Mange av oss nytter ordtak utan at vi tenkjer noko meir på kor dei kjem i frå, vi veit berre kva dei tyder.

    Dei færraste av oss har til vore på bjørnejakt, men likevel seier vi  at "du skal ikkje selgje skinnet før bjørnen er skutt".  Les meir om ordtak her.

    tirsdag 22. november 2011

    Bendik og Årolilja

    Trø meg inkje før nære

    Foto: FlickrCC
    Visste du at den gamle folkevisetradisjonen framleis lever på Færøyene og i Vest-Telemark? Folkeviser er ei samlebenevning som omfattar alt frå gamle mellomalderballader til viser som er knappe 100 år gamle.

    Folkevisa er episk-lyrisk. Det vil seie at ho fortel ein historie samstundens som forma er lyrisk. Dei gamle folkevisene blir gjerne kalt ballader (av "å danse"), og det var vanleg å danse kjededans eller ringdans til (som til dømes her i Olav og Kari). Til dei religiøse visene høyrer mellom anna Draumkvedet. Historiske viser har vi lite av i Noreg. Dei fleste visene er ridderviser, og handlar ofte om uoppnåeleg kjærleik (som til dømes i Bendik og Årolilja. Troll- og kjempevisene høyrer til dei eldste visene, og finnst berre på Færøyene og i Noreg. Dei såkalte skjemtevisene set ting på hovudet, og gjer narr av mangt og meget.



    mandag 21. november 2011

    Eit samansatt eventyr

    Th. Kittelsen: Nøkken som hvit hest
    Vi skal altså ha eit gruppearbeid om folkedikting. De skal lage ein samansett tekst som blir vurdert ut i frå følgjende kriterier. få lage ein samansett tekst.
      
     Eg har funne nokre aktuelle nettstader som eg vil kommentere kort (det finnst sjølsagt mange andre gode nettstader). Ein vidaregåande skule i Stavanger har lagd ein fin wiki om folkedikting. Dei har òg lagd ut nokre lysbilete som gjer ein grei innføring i folkedikting. Les gjerne på Wikipedia om huldereventyr og segn. De har jobba med folkedikting sidan barneskulen. På vidaregåeande spør vi gjerne etter ulike analysemodellar for eventyr. Viss de synast dette er litt vanskeleg, så kan eg gå i gjennom modellane.

    søndag 13. november 2011

    Kjærleik i mellomalderen

    Kilde:Wikimedia Commons

    På måndag skal vi få sjå den filmatiserte utgåva av den romantiske historien om Tristan og Isolde. Eit samandrag av romanen finn du på norskbloggen til Ingrid

    mandag 31. oktober 2011

    En er þetta sá Loki, Laufeyiar son, þá líkaði honum illa er Baldr sakaði ekki.

    Foto: FlickrCC
     Korleis det går med Balder kan du lese om i myten om Balder sin død (eller du kan lytte til fortellinga). Det er ein myte om korleis litt av det gode i verda forsvinn.

    Den norrøne litteraturen gjer oss eit viktig innblikk i verdier og tenkjemåter i samtida.


    onsdag 19. oktober 2011

    Akkurat det du kunne ønskje deg

    Faksmile Gunnlaug Ormstunge
    Viss du ønskjer å få ein enkel og god oversikt over handlinga i Gunnlaug Ormstunge, litt om forteljermåte og kva ættesogene fortel om samfunnstilhøva i landnåmstida, så rår eg deg til å sjå nærare på nettstaden NDLA. Her finn du òg døme på korleis andre elevar har dramatisert soga.

    Eg gler meg til å sjå dykk i aksjon!

    mandag 17. oktober 2011

    Gladnyheit

    Foto: FlickrCC
    Treng du ei pause frå kjas og mas? På søndag kan du dra på gratis jazzkonsert. STFK har fått ein gyllen avtale der skuleelevar kjem gratis inn på konsert viss dei berre sender ein e-post til rette person. Let deg inspirere!

    onsdag 12. oktober 2011

    Når vi skal vurdere kvarandre

    Foto: FlickrCC

    I følgje læreplanen er målet for opplæringa i år at du skal kunne vurdere og gje tilbakemelding  på andre sine munnelege presentasjoner. Du skal kunne vurdere eiga munneleg utvikling, presentere norskfaglege emne og problematisere det framlagte stoffet.

    Etter at vi no har jobba med lesing og skriving, skal de endeleg i elden. Fleire har venta på det, og no gler meg til å sjå dykk i aksjon.  Då er det ikkje berre eg som skal vurdere dykk. De skal òg få sjansen til å vurdere kvarandre, både sjølve framføringa og korleis de er som lyttare. Disse rollene må nemleg spele på lag, og begge partar må gje av sitt. Under kva skjer'a? vil eg skrive ein plan for korleis dette arbeidet skal foregå.

    mandag 10. oktober 2011

    God haustferie!

    Foto: FlickCC
    Kos dykk med god litteratur og fine turar, så  møter de utkvilte og klåre til dyst på måndag! Eg har i tillegg eit mål om å ha ein digital rettebunke under armen når eg kjem att.

    lørdag 8. oktober 2011

    Om å kaste ball

    Foto: FlickrCC
    Når eg kastar ball, likar eg at nokon tek i mot, og kastar ballen vidare. Då vi skulle kaste ball sist time, var det lite dynamikk. Eg vågar å påstå at det var fordi  alt for mange ikkje hadde gjort heimetreninga si. Då blir det ikkje noko artig heller, og det blir lite læring ut av det. .

    På måndag blir det altså ei lekseprøve for å sjekke om dykk har trena heime. Sjekk ut kva som er nyttig å vite om sogetida.

    Ps. Ta gjerne ein titt på denne digitale tidslina. Det er dette eg tenkte at kunne vere både artig og nyttig for dere òg å ta i bruk.

    onsdag 5. oktober 2011

    Lukk att augo

    Foto: FlickrCC
    Prøv om du kan førestille deg livet på 1200-talet. Tenk at du er på Island. Kjenn etter: Høyrar du noko? Luktar du noko? Kva er du oppteken av som 16-17-åring? Kva trur du er likt, og kva er ulikt i høve til det livet du lever no?

    Det er ikkje alltid like lett å dra på slike tidsreiser. Kanskje dukkar det ikkje opp nokon bilete i hovudet ditt. Kanskje synast du at det heile blir for fjernt. Prøv likevel. Tenk på kjensler, kunne du velje deg den kjærasten du ville? Kva tyding hadde familien for deg? Kunne du lese og skrive? Kva slag musikk høyrde du på?

    Eg trur det var omtrent slik (ja, ikkje heilt då, men naturen og hestane og alt det er i alle fall...).

    Og musikken, ja, berre høyr...

    tirsdag 4. oktober 2011

    Elevmedverknad

    Foto: FlickrCC
    Ein liten fugl sa til meg at no var ho lei av å høyre om lesing og skriving og blogging og den slags. No var det på tide å kome i gang med noko "skikkeleg", altså boka. Dessutan etterlyste ho meir elevaktivitet. Det vil eg vere lydhør for.


    Arbeidet med lesing og skriving har vore for å gje dykk gode reiskap i møte med tekstar. De skal vere bevisste kva for strategiar dykk bruker, og vite kva de skal gjere når det til dømes stoppar opp. Slikt arbeid tek tid, men eg veit at det er vel nytta tid.

    Bloggen er eit reiskap kor dykk kan trene på skriving.I tillegg skal bloggen vere "stammen" kor vi skal øve ulik digital kompetanse. Til dømes skal vi etter kvart starte snuse på samskriving i Google Dokumentar. Mange vil nok synast at dette er morosamt når de berre kjem skikkeleg i gong. Eg ville at dykk skulle skrive mest muleg i bloggen den fyrste tida for å å bli godt kjend med bloggen, og gjerne utforske han litt nærare. (Samstundens som det har vore eit alternativ å leggje tekstar på Fronter for dei med "bloggsperre").Vi skal fortsette å skrive i nloggen, men ikkje berre det.

    I arbeidet med norrøn litteratur skal dykk dramatisere Gunnlaug Ormstunge. Når det arbeidet er avslutta, kan vi snakke saman om korleis vi skal leggje opp arbeidet med litteratur- og språkhistoria. Kanskje kunne det vore artig for dykk å vere med å utarbeide eit undervisningsopplegg med vurderingskriteriar og det heile. Då kunne vi slå fleire fluger i eitt smekk, både vurdering og elevmedverknad.

    søndag 2. oktober 2011

    Om jeg står fast, sitter jeg foran skjermen likevel

    Foto: FlickCC
    Vil du lese meir kva Carl Frode Tiller seier om det å skrive? Sjølv om dei færraste av oss skal bli forfattarar, må vi òg lære å ikkje gå utanom når det buttar i mot.  Etter å ha lese gjennom bloggane dykkar, har eg oppdaga at det kan skorte på den pietistiske arbeidsmoralen hos einskilde. Den klåre oppmodinga mi er: Bit tenna saman og skriv!

    Og medan eg hugsar det: på skriv.no kan det vere inspirasjon å hente.

    torsdag 29. september 2011

    Soga om Gunnlaug Ormstunge

    Foto: FlickCC
    No er det på tide å setje seg i tidsmaskinen og reise attende til 1000-talet. Då kjem vi litt inn i norrøn tid, og der kan vi kikke litt nærare på sogalitteraturen. Ein av dei meir kjende sogene handlar om Gunnlaug Ormstunge , ein staut kar som kjem ut i hårdt ver. Det er ein dramatisk kjærleikshistorie som dykk skal få lov til å leve ut i klasserommet. Nærare plan finn dykk ved å klikke på Kva skjer'a? (Blir oppdatert i løpet av dagen)

    Terningkast...

    Foto: FlickCC
    Kva er det "eigentlig" som skjer inne i houvdet på norsklæraren når ho sit og vurderer tekstar? Kvifor får Kåre 5 og Kari berre 3 når dei har skrive den same teksten? Mange trur at norsk handlar mest om kjensler, kva ein like og kva (og av og til kven) ein mislike. Heldigvis er det ikkje heilt slikt det fungerer...

    Kvar einskilde tekst blir vurdert utifrå eit sett kriterium. Eg spør om du har forstått oppgåva, vurderer innhald, struktur og språk. I fyrste omgång skal vi sjå på på kriterie knytta til argumenterande tekstar (artiklar) og analyse av sakprosatekster.

    Eg vil gje tilbakemelding til dykk i retteprogrammet  Markins. Då er det lett for deg å sjå kva du er god på, og kva du bør jobbe meir med. Har du til dømes tjue verbøyingsfeil, så blir du sendt vidare til ein nettstad der du kan trene på nett dette. Mange av disse øvingane finn du inne på sida til Språkrådet. (De fekk òg noko av dette i papirform då det var litt kluss med pc-ane). Det kan vere lurt å øve seg litt der før eg kastar terningen...

    onsdag 28. september 2011

    Bokbad med Brit Karin

    Vi er heldige som har eit fint bibliotek på skulen med flinke og engasjerte bibliotekarar som meir enn gjerne snakkar om korleis bøker gir deg eit rikare liv fyllt med opplevingar frå alle kanter i verda, og let deg bli kjend med historier både frå fortid og framtid. Dessutan kvessar du hjernen når du les, slik at kanskje blir mindre for å bli dement som gammal og du får ein betre kjensle med språket. Så lesing handlar altså ikkje berre om å kose seg...

    Brit Karin tok for seg romanane Innsirkling av Carl Frode Tiller, Reis hvis du må, bli hvis du kan av Helga Flatland,  Hobbiten av J.R.R. Tolkien, Ingen må vite  av Aina Basso, Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland og Skammarserien av Lene Kaaberbøl. Til slutt las ho eit utdrag frå den siste romanen til Arnfinn Kolerud

    No har alle valt seg ein roman, og vi får tru at dei fleste har valt rett. Les og kos deg, og bli ferdig med boka innan 1.desember. Deretter skriv du ei kort bokmelding (dette kjem vi tilbake til).




    mandag 26. september 2011

    Kven si dør vil du feie for?

    Foto: FlickCC
    Debattinnlegget Litterær vårrengjøring må til var blant ei av oppgåvene til avgangseksamen i hovudmål for nokre år sidan.  I ettertid har teksten vore nytta i skulesamanheng, sjå til dømes korleis Julie tolkar teksten i bloggen sin. Teksten hennar gjer dykk ein peikepinn på kor langt eg forventar at dykk skriv i den neste tolkinga dykkar. På torsdag skal dykk nemeleg sitje og skrive heilt åleine (eg er på kurs).

    Då kan du velje om du vil tolke kåseriet Når lukka er overvurdert, eller  kronikken Ja til økt innvandring, eller blogginnlegget Aker Brygge Mållag: Skipingsmøte. Nærare forklåring om korleis du skal løyse oppgåva finn du (som vanleg under "Kva skjer'a? Lukke til!

    onsdag 21. september 2011

    Sakleg om sakprosa

    Foto: FlickCC
    Det finst som kjent mange forskjellige typar sakprosa. No skal vi konsenterere oss litt om dei tekstane som gir uttrykk for meiningar og vurderingar, altså dei argumenterande tekstane. Det kan til dømes vere drøftande artiklar, taler, lesarbrev, kritikkar, kåseri og essay. Vi skal sjå korleis vi kan "kle av" teksten gjennom å analysere sendaren sine argument. Les teksten Drøm fra Sagaland .

    Deretter svarar du på følgjende spørsmål:
    1 Korleis er kommunikasjonssituasjonen?
    2 Kva er hovudsynet eller bodskapen?
    3 Korleis argumenterer sendaren for synet sitt?
    4 Kor verknadsfull er den strategien sendaren
    Frå Å analysere sakprosatekstar (eg lenkar til nettstaden til Gyldendal Panorama, der finn dykk mykje nyttig stoff).

    mandag 19. september 2011

    Korleis sjekka dykk g-mailen utan internett?

    Foto:FlickCC
    Born i dag har framleis foreldre som kan fortelje dei historiar frå den tida då det ikkje fanst internett. Så difor var ikkje så rart at niåringen her i huset spurde korleis ein sjekka mail før internettet kom. I dag har dykk arbeidd ut ei tekstskisse om bruken av sosiale medium. No skal du nytte skissa di til å skrive ein liten tekst om sosiale medium. Oppskrifta heiter femavsnittsmetoden, så sett i gong!

    torsdag 15. september 2011

    Slik kan det gå

    Foto: FlickrCC
     Eg vel meg eit lite kvardagsdikt om det å skrive:

    Tre linjer

    Ei linje er bra.
    To linjer er imponerande.
    "Jaså, gut, tre linjer. Kva trur du far din seier til det?"


    Ragnar Hovland. Katten til Aasen møter hunden frå Baskerville (1996)

    Ps. Eg fann ikkje noko bilete som passa til teksten. Difor tenkte eg at da vel eg berre eit bilete som eg likar godt og som pyntar opp. Så enkelt, og så fint!

    Fjong opp bloggen din!

    Foto: FlickCC
    Det er på tide at dykk pyntar litt opp bloggane dykkar. Finn eit nynorsk dikt (eller på bokmål om du kjem i beit), og skriv det inn på bloggen. Legg inn eit fint bilete som du tykkjer om (sjekk om det er cc-merka) - vips så har du eit blogginnlegg. Hugs òg å skriv inn e-postadressa di nederst på sida her, så er du alltid oppdatert på kva som hender. Prøv òg om du kan leggje deg inn som "følgjer" på dei andre bloggane i klassen. Viss det går på tverke, så ring på hos naboen.

    onsdag 14. september 2011

    Eg har ein plan

    Stalin hadde femårsplanar. Det var ikkje noko særleg lur ide, i alle fall ikkje for dei som vart utsett for disse planane. Eg har ein overordna plan, men han er ikkje så detaljert enno. Planen er at eg legg denne planen ut i Google Dokumentar, og så gjer eg endringar når eg finn det for godt. Så berre vent...

    (Og for de av dykk som skulle lure på kvifor eg valde dette biletet, så er det fordi eg aldri har likt Stalin, og difor synest eg det var mykje meir stas å pynte opp med ein finsk lapphund)

    mandag 12. september 2011

    Det finst ingen snarveg til suksess

    Foto: GoogleCC
    Likevel kan det vere greitt å lese igjennom hurtigguide til femavsnittsmetoden.

    Skrive meir?

    Foto: FlickCC
    Har du lyst til å utforske skriverolla? Norsk forfattersentrum arrangerer kurs i skjønnlitterær skriving for ungdom. Invitasjonen ligg på Frontar.

    søndag 11. september 2011

    Kvess pennen!

    Har du nokon gong opplevd at det stoppar opp? Du skulle setje deg ned å skrive, men plutseleg finn du på alt mogeleg anna. Kanskje ryddar du rommet, går tur med undulaten, besøker ein fjern slektning, vatnar naboen sine blomar eller beint fram går inn i ei djup kjensle av motløyse.

    Då er det godt å vite at det er hjelp å få. Vi sjå nærare på korleis femavsnittsmetoden kan kurere skrivevegring og hjelpe deg til å utvikle gode tekstar gjennom å stille dei gode spørsmåla.

    onsdag 7. september 2011

    Likskapen mellom tigrar og nynorskbrukarar

    Foto:FlickrCC
    Visste du at tigeren snart blir utrydda viss vi ikkje gjer noko? No er det berre 3200 tigrar att i heile verda. Heldigvis står det betre til med nynorskbrukarane, men dei òg er på vikande front. Vi får slå eit slag for for dei begge, og byrjer med nynorsken. (Teksten er under arbeid. Eg har ikke kome kome heilt til poenget, men det skal altså handle om trua dyr og språk og sånt..Og mens eg tenkjer på det, kan jo de sjå nærare på programmet for i dag.)

    tirsdag 6. september 2011

    Det kjem mykje fin litteratur ut av gode songar


     I novellesamlinga Popsongar av Frode Grytten er alle novellane skrivne til ein bestemt song. Novella 1:1 er skriven til Tom Waits' Foreign Affairs.

    Vi friskar opp

    Foto: FlickCC
    Det gjer seg med ein liten oppkvikkar.Vi skal sjå litt nærare på den nynorske grammatikken og kva det er viktig å hugse på når vi skriv nynorsk. Eg er viss på at dette er "gammalt nytt", men repetisjon er jo ein viktig del av læringsarbeidet. No er utvikla komme så langt at de sitje heime og høyre på e-forelesing i nynorsk. I tillegg kan de høyre på meg og gjere oppgåver på skulen. Så dette blir bra. :-)

    søndag 4. september 2011

    Den som les mykje, får av og til lyst til å skrive

    Foto: FlickCC
    Kva om alle har som mål at dei skal lese minst ei roman på nynorsk denne hausten? Jo meir de les, jo meir naturleg fell språket for dykk når de skriv. På nynorskbok.no  og deichmanske finn du bøker for ein kvar smak.Olaug Nilssen er jo ei kvinne i vinden. Den siste romanen hennar (med den noko underlege tittelen Få meg på, for faen) er filmatisert og har akkurat hatt premiere på Trondheim kino.Ragnar Hovland er ein mann med sprø humor og mange fine tekstar. Berre for å ha nemnt nokre (og ingen av dei er bitre).

    På mandag skal vi jobbe meir med lesestrategiar. Opplegget legg eg i Google Dokumentar (det fine med det er at eg kan gå inn å endre på det når eg vil).Krute bra!

    lørdag 3. september 2011

    Nynorsk er til for dei bitre

    Foto: FlickCC

    Er nynorsken til for at bygdefolk skal sitje å skrive artiklar på nynorsk om kvifor me treng nynorsken? spør Anita Svendheim i Magasinett. Vi skal etter kvart bruke Magasinett som ein del av nynorskundervisninga, så kvifor ikkje gjere seg litt kjent så lenge? Tonen er lett, og råda er mange.

    Med lykt og lupe

    Foto: FlickCC
    har eg lett etter dykk der ute på verdsveven. Eg har funne nokre fine bloggar, men framleis saknar eg dei fleste. Oppmodinga går difor ut på ny: send meg bloggadressa di på e-post! Viss du ikkje er fortroleg med å leggje bloggen ut på verdsveven, så ta ein prat med meg. Vi kan stenge tilgongen slik at berre dei i klassen vår får sjå.

    torsdag 1. september 2011

    Trening må til

    Foto: FlickCC
    Vi har alle noko å strekkje oss etter. No har eg tenkt litt i ro og mak, og da fann eg ut korleis vi skulle gå laus på dette med lesestrategiar. Fyrst hadde eg tenkt at "he, he... vi tek ein snarveg", vi har jo så mykje vi skal arbeide med i norskfaget.

    No har eg funne ut at det luraste er, ikkje overraskande, å byrje på byrjinga. Altså: gå inn på nettstaden hurtiglesing.no . Klikk deg inn på treningsoppgåver, og gjer oppgåve 1 - 4. Det tek litt tid, men eg trur det er ein god investering. Når du er ferdig skriv du eit kort refleksjonsnotat om kva du har lært. Du vel sjølve om du legg skriv dette notatet på bloggen, eller om du postar det i norskrommet på Fronter.

    Man skal ei lese for å sluke, men for å se hva man kan bruke


    Foto: FlickCC
     Tekstar er av ulikt slag. Nokre inviterer til å krype opp i sofaen, krølle seg godt saman og leve seg inn i. Andre tekstar må vi sveitte meir over. Kanskje skjønner vi ikkje noko før vi har lese teksten både to og tre gonger. I dag skal vi sjå nærare på korleis rett lesestrategi  kan hjelpe oss i møte med ulike tekstar.


    mandag 29. august 2011

    Kartlegging av den digitale kvardagen

    Foto: FlickrCC
    I læreplanen er digital kompetanse er ein av dei fire grunnleggjande ferdigheitene. For norskfaget tyder det:
    Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner.
    Eg vil difor at de svarer på denne spørjeundersøkinga slik at eg veit litt meir om kva slags vegar vi skal gå framover.

    torsdag 25. august 2011

    Det var en deilig, deilig dag

    Foto: flickCC
    men tenk nå er den over... Eg takkar for ein fin tur i lag med dykk, og ventar spent på kva de i skriv i bloggane deira i frå dagen. Sjangar vel de altså sjølve, og det treng ikkje vere langt. Vi skal sjå nærare på dette på mandag. Viss nokon kranglar med teknikken, så rettar vi opp i det då. Lukke til! Ps. Som de ser så har ikkje eg lasta ned noko bilete enno, så eg måtte jukse litt... 

    tirsdag 23. august 2011

    Ting vi likar

    Kva er det du likar ved det norske samfunnet? Are Kalvø fekk disse svara då han spurde vennane sine. I det fyrste blogginnlegget ditt, skal du skrive om kva du likar best med samfunnet vårt. I tillegg skal du skrive snakke med minst fire andre (som ikkje går i klassen), og skrive ned kva ned kva dei tykkjer er bra med  Noreg.

    Velkommen til nytt skuleår!

    Eg gler meg til å ta fatt i lag med dykk! I fyrste termin skal vi vi arbeidde med det nynorske språket. Alt eg skriv til dykk vil vere på nynorsk, og mykje av det de skriv til meg vil vere på nynorsk. Dessutan skal vi lese mykje fin nynorsk litteratur. Kvifor nynorsk får du svaret på her:

    lørdag 18. juni 2011

    Snipp snapp snute

    Foto: FlickrCC
    ... så var eventyret ute! Ute er det også med meg, så nå gjenstår det bare å takke for noen fine måneder sammen med dere. Heldig er den læreren som får overta en så positiv og samarbeidsvillig gjeng. 

    Takk til alle som bidro til å gjøre fortellerstunden til en fin opplevelse for besøket vårt! Les mer om dette på skolens hjemmeside. Jeg skulle gjerne illustrert dette innlegget med noen av bildene jeg tok, men godt nettvett tilsier at da må jeg innhente tillatelse først.

    Hadde det ikke vært fordi det snart er sommer og leksefri, ville jeg bedt dere øve mer på Neste sommer av De Lillos.

    GOD SOMMER!

    onsdag 15. juni 2011

    Mange rare folk og dyr

    Troll tegnet av Alfred (6 år)
    Da møtes vi altså i auditoriet klokka halv ni i morgen tidlig for å gå igjennom opplegget. Dere gjorde en god innsats i dag, og jeg er sikker på at det vil bli en fin opplevelse i morgen. :-)

    tirsdag 14. juni 2011

    Vær tro mot fortellingens hjerte

     
    Foto: FlickCC
    Mennesker har til alle tider fortalt hverandre historier. Ønsket om å formidle noe til andre, enten det var for å underholde eller belære og moralisere, er opphavet til folkediktningen. Det finnes så mange historier. I denne omgang skal vi altså se nærmere på noen kjente norske folkeeventyr.

    Når du skal fortelle eventyr, må du være tro mot fortellingens kjerne, eller hjerte om du vil. Eventyrets tema må være lett gjenkjennelig. Du trenger altså ikke å memorere historien ord for ord, men du må må forstå fortellingens struktur. I eventyrene får du god hjelp til å huske fortellingens gangen gjennom en del faste kjennetegn som bruk av kontraster, tretallsloven med mer.

    Jeg har skrevet ned en del gode råd om hvordan man kan bli en bedre forteller. Rådene er hentet fra Heidi Dahlsveens bok om muntlig fortellerkunst.

    mandag 6. juni 2011

    Ut på eventyr

    Soria Moria  av Th. Kittelsen

    Vi lar oss ikke stoppe av litt endringer i timeplanen. Tvertimot møter vi bare endringene med flere endringer... Norsktimene denne uka faller bort. Vi tar igjen noe av det tapte ved å ha et intensivt fortellerverksted fra kl. 8.00 - 11.00 onsdag 15. juni. Møt opp i auditoriet! Eventyrfortelling er ypperlig å kombinere med litt kakespising, så da blir det navnefest "i samme slengen". Følg med på bloggen. Jeg kommer til å legge ut mer informasjon på Google Dokumenter i løpet av kvelden.Ps! Hvis du legger inn bloggen som en RSS-feed, så vil du automatisk få melding når bloggen blir oppdatert.

    søndag 29. mai 2011

    Det var en gang...



    Folkeeventyrene er en viktig del av den muntlige fortellertradisjonen. Sist time bestemte vi oss for å videreføre denne tradisjonen ved å fortelle eventyr for en første klasse ved Byåsen barneskole. Mer om dette onsdag 1. juni. Møt på det vanlige rommet (nede på bilskolen)
     .
    Visste du forresten at opphavsretten til et åndsverk varer 70 år etter opphavsmannens levetid? Det betyr blant annet at vi fritt kan benytte oss av de vakre tegningene til Th. Kittelsen.

    onsdag 25. mai 2011

    Finn dine gamle helter på Flickr

      
    Foto: Flickr/ Nasjonalbiblioteket 





    
    Bilder kan brukes til så mangt. Man kan  for eksempel henge dem opp på veggen, legge dem i en skuff, ha dem på mobilen eller laste dem opp på en blogg. Nå er det imiidlertid slik at du kan ikke hva som helst hvor som helst.  Før du gjør det, må du sjekke om bildet er beskyttet av åndsverkloven.  Bilder og andre åndsverk som er lagt ut Creative Commons-lisens kan trygt brukes. I bloggen til Virrvarr kan du lese kort og lettfattelig om hva dette innebærer.

    De fleste bildene i denne bloggen er hentet fra FlickrCC. Det er også mulig å bruke den generelle Flickr -basen, bare sjekk CC-lisensen først. Det finnes mange andre databaser også,  blant annet har Google eget nettsted for CC-søk. Tilsvarende gjelder for andre medier som film, musikk med mere.

    tirsdag 24. mai 2011

    Se og bli sett

    Foto: FlickCC
    Les og bli lest! Når man blogger, skriver man for et større fellesskap. Det gir muligheter for å lære av hva andre har gjort, og det gir muligheter for at andre kan lære av deg. Selv lærer jeg mye nettopp ved å lese andres blogger, og å følge med i hva andre gjør.

    Nå skal dere lenke opp til hverandres blogger. Dessuten kan dere gjerne lete opp andre elevblogger. Kanskje finner du noe som kan inspirere? Bloggen din skal etter hvert bli et lite skattekammer hvor du kan samle gode lenker og kloke tanker. Altså, ingen grunn til å nøle - sett igang!

    mandag 23. mai 2011

    Gniredruv

    
    Foto: FlickCC
     eller vurdering om du vil... Som nevnt er det ikke helt klart hvorvidt sammensatte tekster skal sortere under skriftlig eller muntlig. Dette handler simpelthen om at skillet mellom de to karakterene er kunstig. Vi må bare finne en best mulig løsning, og jeg tror det betyr en "ja, takk begge deler".-løsning.  Det som viser kompetanse i sammensatte tekster går på muntlig karakter, mens skrivekompetansen naturlig sorterer under den skriftlige karakteren.