torsdag 1. september 2011

Trening må til

Foto: FlickCC
Vi har alle noko å strekkje oss etter. No har eg tenkt litt i ro og mak, og da fann eg ut korleis vi skulle gå laus på dette med lesestrategiar. Fyrst hadde eg tenkt at "he, he... vi tek ein snarveg", vi har jo så mykje vi skal arbeide med i norskfaget.

No har eg funne ut at det luraste er, ikkje overraskande, å byrje på byrjinga. Altså: gå inn på nettstaden hurtiglesing.no . Klikk deg inn på treningsoppgåver, og gjer oppgåve 1 - 4. Det tek litt tid, men eg trur det er ein god investering. Når du er ferdig skriv du eit kort refleksjonsnotat om kva du har lært. Du vel sjølve om du legg skriv dette notatet på bloggen, eller om du postar det i norskrommet på Fronter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar