søndag 4. september 2011

Den som les mykje, får av og til lyst til å skrive

Foto: FlickCC
Kva om alle har som mål at dei skal lese minst ei roman på nynorsk denne hausten? Jo meir de les, jo meir naturleg fell språket for dykk når de skriv. På nynorskbok.no  og deichmanske finn du bøker for ein kvar smak.Olaug Nilssen er jo ei kvinne i vinden. Den siste romanen hennar (med den noko underlege tittelen Få meg på, for faen) er filmatisert og har akkurat hatt premiere på Trondheim kino.Ragnar Hovland er ein mann med sprø humor og mange fine tekstar. Berre for å ha nemnt nokre (og ingen av dei er bitre).

På mandag skal vi jobbe meir med lesestrategiar. Opplegget legg eg i Google Dokumentar (det fine med det er at eg kan gå inn å endre på det når eg vil).Krute bra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar