Brit Karin tok for seg romanane Innsirkling av Carl Frode Tiller, Reis hvis du må, bli hvis du kan av Helga Flatland, Hobbiten av J.R.R. Tolkien, Ingen må vite av Aina Basso, Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland og Skammarserien av Lene Kaaberbøl. Til slutt las ho eit utdrag frå den siste romanen til Arnfinn Kolerud.
No har alle valt seg ein roman, og vi får tru at dei fleste har valt rett. Les og kos deg, og bli ferdig med boka innan 1.desember. Deretter skriv du ei kort bokmelding (dette kjem vi tilbake til).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar