![]() |
Foto: FlickCC |
torsdag 29. september 2011
Soga om Gunnlaug Ormstunge
Terningkast...
![]() |
Foto: FlickCC |
Kvar einskilde tekst blir vurdert utifrå eit sett kriterium. Eg spør om du har forstått oppgåva, vurderer innhald, struktur og språk. I fyrste omgång skal vi sjå på på kriterie knytta til argumenterande tekstar (artiklar) og analyse av sakprosatekster.
Eg vil gje tilbakemelding til dykk i retteprogrammet Markins. Då er det lett for deg å sjå kva du er god på, og kva du bør jobbe meir med. Har du til dømes tjue verbøyingsfeil, så blir du sendt vidare til ein nettstad der du kan trene på nett dette. Mange av disse øvingane finn du inne på sida til Språkrådet. (De fekk òg noko av dette i papirform då det var litt kluss med pc-ane). Det kan vere lurt å øve seg litt der før eg kastar terningen...
onsdag 28. september 2011
Bokbad med Brit Karin
Vi er heldige som har eit fint bibliotek på skulen med flinke og engasjerte bibliotekarar som meir enn gjerne snakkar om korleis bøker gir deg eit rikare liv fyllt med opplevingar frå alle kanter i verda, og let deg bli kjend med historier både frå fortid og framtid. Dessutan kvessar du hjernen når du les, slik at kanskje blir mindre for å bli dement som gammal og du får ein betre kjensle med språket. Så lesing handlar altså ikkje berre om å kose seg...
Brit Karin tok for seg romanane Innsirkling av Carl Frode Tiller, Reis hvis du må, bli hvis du kan av Helga Flatland, Hobbiten av J.R.R. Tolkien, Ingen må vite av Aina Basso, Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland og Skammarserien av Lene Kaaberbøl. Til slutt las ho eit utdrag frå den siste romanen til Arnfinn Kolerud.
No har alle valt seg ein roman, og vi får tru at dei fleste har valt rett. Les og kos deg, og bli ferdig med boka innan 1.desember. Deretter skriv du ei kort bokmelding (dette kjem vi tilbake til).
Brit Karin tok for seg romanane Innsirkling av Carl Frode Tiller, Reis hvis du må, bli hvis du kan av Helga Flatland, Hobbiten av J.R.R. Tolkien, Ingen må vite av Aina Basso, Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland og Skammarserien av Lene Kaaberbøl. Til slutt las ho eit utdrag frå den siste romanen til Arnfinn Kolerud.
No har alle valt seg ein roman, og vi får tru at dei fleste har valt rett. Les og kos deg, og bli ferdig med boka innan 1.desember. Deretter skriv du ei kort bokmelding (dette kjem vi tilbake til).
mandag 26. september 2011
Kven si dør vil du feie for?
![]() |
Foto: FlickCC |
Då kan du velje om du vil tolke kåseriet Når lukka er overvurdert, eller kronikken Ja til økt innvandring, eller blogginnlegget Aker Brygge Mållag: Skipingsmøte. Nærare forklåring om korleis du skal løyse oppgåva finn du (som vanleg under "Kva skjer'a? Lukke til!
onsdag 21. september 2011
Sakleg om sakprosa
![]() |
Foto: FlickCC |
Deretter svarar du på følgjende spørsmål:
1 Korleis er kommunikasjonssituasjonen?Frå Å analysere sakprosatekstar (eg lenkar til nettstaden til Gyldendal Panorama, der finn dykk mykje nyttig stoff).
2 Kva er hovudsynet eller bodskapen?
3 Korleis argumenterer sendaren for synet sitt?
4 Kor verknadsfull er den strategien sendaren
Etiketter:
sakprosa
Plassering:
Trondheim, Norge
mandag 19. september 2011
Korleis sjekka dykk g-mailen utan internett?
![]() |
Foto:FlickCC |
torsdag 15. september 2011
Slik kan det gå
![]() |
Foto: FlickrCC |
Tre linjer
Ei linje er bra.
To linjer er imponerande.
"Jaså, gut, tre linjer. Kva trur du far din seier til det?"
Ragnar Hovland. Katten til Aasen møter hunden frå Baskerville (1996)
Ps. Eg fann ikkje noko bilete som passa til teksten. Difor tenkte eg at da vel eg berre eit bilete som eg likar godt og som pyntar opp. Så enkelt, og så fint!
Fjong opp bloggen din!
![]() |
Foto: FlickCC |
onsdag 14. september 2011
Eg har ein plan
Stalin hadde femårsplanar. Det var ikkje noko særleg lur ide, i alle fall ikkje for dei som vart utsett for disse planane. Eg har ein overordna plan, men han er ikkje så detaljert enno. Planen er at eg legg denne planen ut i Google Dokumentar, og så gjer eg endringar når eg finn det for godt. Så berre vent...
(Og for de av dykk som skulle lure på kvifor eg valde dette biletet, så er det fordi eg aldri har likt Stalin, og difor synest eg det var mykje meir stas å pynte opp med ein finsk lapphund)
(Og for de av dykk som skulle lure på kvifor eg valde dette biletet, så er det fordi eg aldri har likt Stalin, og difor synest eg det var mykje meir stas å pynte opp med ein finsk lapphund)
mandag 12. september 2011
Det finst ingen snarveg til suksess
Foto: GoogleCC |
Skrive meir?
![]() |
Foto: FlickCC |
søndag 11. september 2011
Kvess pennen!
Har du nokon gong opplevd at det stoppar opp? Du skulle setje deg ned å skrive, men plutseleg finn du på alt mogeleg anna. Kanskje ryddar du rommet, går tur med undulaten, besøker ein fjern slektning, vatnar naboen sine blomar eller beint fram går inn i ei djup kjensle av motløyse.
Då er det godt å vite at det er hjelp å få. Vi sjå nærare på korleis femavsnittsmetoden kan kurere skrivevegring og hjelpe deg til å utvikle gode tekstar gjennom å stille dei gode spørsmåla.
Då er det godt å vite at det er hjelp å få. Vi sjå nærare på korleis femavsnittsmetoden kan kurere skrivevegring og hjelpe deg til å utvikle gode tekstar gjennom å stille dei gode spørsmåla.
onsdag 7. september 2011
Likskapen mellom tigrar og nynorskbrukarar
![]() |
Foto:FlickrCC |
tirsdag 6. september 2011
Det kjem mykje fin litteratur ut av gode songar
I novellesamlinga Popsongar av Frode Grytten er alle novellane skrivne til ein bestemt song. Novella 1:1 er skriven til Tom Waits' Foreign Affairs.
Vi friskar opp
![]() |
Foto: FlickCC |
søndag 4. september 2011
Den som les mykje, får av og til lyst til å skrive
![]() |
Foto: FlickCC |
På mandag skal vi jobbe meir med lesestrategiar. Opplegget legg eg i Google Dokumentar (det fine med det er at eg kan gå inn å endre på det når eg vil).Krute bra!
lørdag 3. september 2011
Nynorsk er til for dei bitre
![]() |
Foto: FlickCC |
Er nynorsken til for at bygdefolk skal sitje å skrive artiklar på nynorsk om kvifor me treng nynorsken? spør Anita Svendheim i Magasinett. Vi skal etter kvart bruke Magasinett som ein del av nynorskundervisninga, så kvifor ikkje gjere seg litt kjent så lenge? Tonen er lett, og råda er mange.
Med lykt og lupe
![]() |
Foto: FlickCC |
torsdag 1. september 2011
Trening må til
![]() |
Foto: FlickCC |
No har eg funne ut at det luraste er, ikkje overraskande, å byrje på byrjinga. Altså: gå inn på nettstaden hurtiglesing.no . Klikk deg inn på treningsoppgåver, og gjer oppgåve 1 - 4. Det tek litt tid, men eg trur det er ein god investering. Når du er ferdig skriv du eit kort refleksjonsnotat om kva du har lært. Du vel sjølve om du legg skriv dette notatet på bloggen, eller om du postar det i norskrommet på Fronter.
Man skal ei lese for å sluke, men for å se hva man kan bruke
![]() |
Foto: FlickCC |
Abonner på:
Innlegg (Atom)