mandag 31. oktober 2011

En er þetta sá Loki, Laufeyiar son, þá líkaði honum illa er Baldr sakaði ekki.

Foto: FlickrCC
 Korleis det går med Balder kan du lese om i myten om Balder sin død (eller du kan lytte til fortellinga). Det er ein myte om korleis litt av det gode i verda forsvinn.

Den norrøne litteraturen gjer oss eit viktig innblikk i verdier og tenkjemåter i samtida.


onsdag 19. oktober 2011

Akkurat det du kunne ønskje deg

Faksmile Gunnlaug Ormstunge
Viss du ønskjer å få ein enkel og god oversikt over handlinga i Gunnlaug Ormstunge, litt om forteljermåte og kva ættesogene fortel om samfunnstilhøva i landnåmstida, så rår eg deg til å sjå nærare på nettstaden NDLA. Her finn du òg døme på korleis andre elevar har dramatisert soga.

Eg gler meg til å sjå dykk i aksjon!

mandag 17. oktober 2011

Gladnyheit

Foto: FlickrCC
Treng du ei pause frå kjas og mas? På søndag kan du dra på gratis jazzkonsert. STFK har fått ein gyllen avtale der skuleelevar kjem gratis inn på konsert viss dei berre sender ein e-post til rette person. Let deg inspirere!

onsdag 12. oktober 2011

Når vi skal vurdere kvarandre

Foto: FlickrCC

I følgje læreplanen er målet for opplæringa i år at du skal kunne vurdere og gje tilbakemelding  på andre sine munnelege presentasjoner. Du skal kunne vurdere eiga munneleg utvikling, presentere norskfaglege emne og problematisere det framlagte stoffet.

Etter at vi no har jobba med lesing og skriving, skal de endeleg i elden. Fleire har venta på det, og no gler meg til å sjå dykk i aksjon.  Då er det ikkje berre eg som skal vurdere dykk. De skal òg få sjansen til å vurdere kvarandre, både sjølve framføringa og korleis de er som lyttare. Disse rollene må nemleg spele på lag, og begge partar må gje av sitt. Under kva skjer'a? vil eg skrive ein plan for korleis dette arbeidet skal foregå.

mandag 10. oktober 2011

God haustferie!

Foto: FlickCC
Kos dykk med god litteratur og fine turar, så  møter de utkvilte og klåre til dyst på måndag! Eg har i tillegg eit mål om å ha ein digital rettebunke under armen når eg kjem att.

lørdag 8. oktober 2011

Om å kaste ball

Foto: FlickrCC
Når eg kastar ball, likar eg at nokon tek i mot, og kastar ballen vidare. Då vi skulle kaste ball sist time, var det lite dynamikk. Eg vågar å påstå at det var fordi  alt for mange ikkje hadde gjort heimetreninga si. Då blir det ikkje noko artig heller, og det blir lite læring ut av det. .

På måndag blir det altså ei lekseprøve for å sjekke om dykk har trena heime. Sjekk ut kva som er nyttig å vite om sogetida.

Ps. Ta gjerne ein titt på denne digitale tidslina. Det er dette eg tenkte at kunne vere både artig og nyttig for dere òg å ta i bruk.

onsdag 5. oktober 2011

Lukk att augo

Foto: FlickrCC
Prøv om du kan førestille deg livet på 1200-talet. Tenk at du er på Island. Kjenn etter: Høyrar du noko? Luktar du noko? Kva er du oppteken av som 16-17-åring? Kva trur du er likt, og kva er ulikt i høve til det livet du lever no?

Det er ikkje alltid like lett å dra på slike tidsreiser. Kanskje dukkar det ikkje opp nokon bilete i hovudet ditt. Kanskje synast du at det heile blir for fjernt. Prøv likevel. Tenk på kjensler, kunne du velje deg den kjærasten du ville? Kva tyding hadde familien for deg? Kunne du lese og skrive? Kva slag musikk høyrde du på?

Eg trur det var omtrent slik (ja, ikkje heilt då, men naturen og hestane og alt det er i alle fall...).

Og musikken, ja, berre høyr...

tirsdag 4. oktober 2011

Elevmedverknad

Foto: FlickrCC
Ein liten fugl sa til meg at no var ho lei av å høyre om lesing og skriving og blogging og den slags. No var det på tide å kome i gang med noko "skikkeleg", altså boka. Dessutan etterlyste ho meir elevaktivitet. Det vil eg vere lydhør for.


Arbeidet med lesing og skriving har vore for å gje dykk gode reiskap i møte med tekstar. De skal vere bevisste kva for strategiar dykk bruker, og vite kva de skal gjere når det til dømes stoppar opp. Slikt arbeid tek tid, men eg veit at det er vel nytta tid.

Bloggen er eit reiskap kor dykk kan trene på skriving.I tillegg skal bloggen vere "stammen" kor vi skal øve ulik digital kompetanse. Til dømes skal vi etter kvart starte snuse på samskriving i Google Dokumentar. Mange vil nok synast at dette er morosamt når de berre kjem skikkeleg i gong. Eg ville at dykk skulle skrive mest muleg i bloggen den fyrste tida for å å bli godt kjend med bloggen, og gjerne utforske han litt nærare. (Samstundens som det har vore eit alternativ å leggje tekstar på Fronter for dei med "bloggsperre").Vi skal fortsette å skrive i nloggen, men ikkje berre det.

I arbeidet med norrøn litteratur skal dykk dramatisere Gunnlaug Ormstunge. Når det arbeidet er avslutta, kan vi snakke saman om korleis vi skal leggje opp arbeidet med litteratur- og språkhistoria. Kanskje kunne det vore artig for dykk å vere med å utarbeide eit undervisningsopplegg med vurderingskriteriar og det heile. Då kunne vi slå fleire fluger i eitt smekk, både vurdering og elevmedverknad.

søndag 2. oktober 2011

Om jeg står fast, sitter jeg foran skjermen likevel

Foto: FlickCC
Vil du lese meir kva Carl Frode Tiller seier om det å skrive? Sjølv om dei færraste av oss skal bli forfattarar, må vi òg lære å ikkje gå utanom når det buttar i mot.  Etter å ha lese gjennom bloggane dykkar, har eg oppdaga at det kan skorte på den pietistiske arbeidsmoralen hos einskilde. Den klåre oppmodinga mi er: Bit tenna saman og skriv!

Og medan eg hugsar det: på skriv.no kan det vere inspirasjon å hente.