tirsdag 29. november 2011

Fokus og struktur- eller: Den som gjentek seg sjølve

gjer det forhåpentligvis ikke forgjeves. Repeter femavsnittsmetoden (eller sjå igjennom PPT som ligg på Fronter). Varm gjerne opp med med denne enkle øvinga: Skriv i ti minutt om folkedikting. Hugs regelen om at det ikkje er lov å stoppe opp og tenkje - berre skriv, skriv, skriv.

Hugs å vere medviten i høve til sjangar. Eg har lagt eit sjangerhefte i Fronter (i mappa om skriving). Ellers så er det gode råd å hente om essay, kåseri og artikkelsjangaren ved å klikke på lenkjene her. Ta deg tida til å lese nokre tekstar (på NDLA finn du m.a. essay skrive av elevar).Ønskjer du tips om tradisjonell folkedikting og morderne eventyr, så er det òg mykje å hente.

Eg har eit ønskje og ei bøn om at de tek nynorsken på alvor. Sjå på teksten frå skrivedagen,så finn du kva du treng å øve særskild på (ta deg tid til å gjere dei oppgåvene det er lenkja til). Du kan òg gå igjennom e-forelesningane om nynorsk og gjere oppgåvene der.

Lukke til!

mandag 28. november 2011

Treff rett - om skriving på heildagsprøva

Foto: FlickrCC





Til heildagsprøva - fagleg innhald

Foto: FlickrCC
De vil som sagt få oppgåver knytta til det fagstoffet vi har jobba med, altså mellomalderen og folkedikting. Her kjem nokre gode råd om de bør ha klårt føre dykk før de kjem på onsdag (det nyttar ikkje å lese seg opp på dette då). 

    søndag 27. november 2011

    Den storslåtte mellomalderen

    Nidarosdomen (1893)
    Arbeidet med Nidarosdomen blei starta omlag førti år etter at Olav den Heilage fell på Stiklestad. Ho stod ferdig i all sin prakt omkring 1300, men skulle seinare bli ramma av fleire store brannar. Restaureringa og gjenoppbygginga av Nidarosdomen har pågått samanhengjande i over 130 år,  og ho pågår ennå. (Kjelde) Når eg er i Nidarosdomen blir eg minnt om at eg er ein del av historien. Det gjer ei god kjensle.

    torsdag 24. november 2011

    Veit du kva som er brunt og lilla og hoppar frå tre til tre?

    Foto: FlickrCC
    Kan du nokre gåter? Gåter har vore ein viktig del av folkediktinga. Dei eigentlege gåtene er omskriving av gjenstandar der ein nytter samanlikning  og besjeling slik at gjenstandar gjer seg ut for å vere noko anna enn dei egentleg er.  Desse gåtene er vanskelege å løyse viss ein ikkje kjenner den gamle bondekulturen.

    Det er betre med ein fugl i handa

    Foto: FlickrCC
    enn ti på taket. "It's better with one bird in the hand, than two in the bush" lyder det på engelsk. Mange ordtaka finn vi igjen på ulike språk, og det ligg gjerne mykje livsvisdom i dei. Mange av oss nytter ordtak utan at vi tenkjer noko meir på kor dei kjem i frå, vi veit berre kva dei tyder.

    Dei færraste av oss har til vore på bjørnejakt, men likevel seier vi  at "du skal ikkje selgje skinnet før bjørnen er skutt".  Les meir om ordtak her.

    tirsdag 22. november 2011

    Bendik og Årolilja

    Trø meg inkje før nære

    Foto: FlickrCC
    Visste du at den gamle folkevisetradisjonen framleis lever på Færøyene og i Vest-Telemark? Folkeviser er ei samlebenevning som omfattar alt frå gamle mellomalderballader til viser som er knappe 100 år gamle.

    Folkevisa er episk-lyrisk. Det vil seie at ho fortel ein historie samstundens som forma er lyrisk. Dei gamle folkevisene blir gjerne kalt ballader (av "å danse"), og det var vanleg å danse kjededans eller ringdans til (som til dømes her i Olav og Kari). Til dei religiøse visene høyrer mellom anna Draumkvedet. Historiske viser har vi lite av i Noreg. Dei fleste visene er ridderviser, og handlar ofte om uoppnåeleg kjærleik (som til dømes i Bendik og Årolilja. Troll- og kjempevisene høyrer til dei eldste visene, og finnst berre på Færøyene og i Noreg. Dei såkalte skjemtevisene set ting på hovudet, og gjer narr av mangt og meget.



    mandag 21. november 2011

    Eit samansatt eventyr

    Th. Kittelsen: Nøkken som hvit hest
    Vi skal altså ha eit gruppearbeid om folkedikting. De skal lage ein samansett tekst som blir vurdert ut i frå følgjende kriterier. få lage ein samansett tekst.
      
     Eg har funne nokre aktuelle nettstader som eg vil kommentere kort (det finnst sjølsagt mange andre gode nettstader). Ein vidaregåande skule i Stavanger har lagd ein fin wiki om folkedikting. Dei har òg lagd ut nokre lysbilete som gjer ein grei innføring i folkedikting. Les gjerne på Wikipedia om huldereventyr og segn. De har jobba med folkedikting sidan barneskulen. På vidaregåeande spør vi gjerne etter ulike analysemodellar for eventyr. Viss de synast dette er litt vanskeleg, så kan eg gå i gjennom modellane.

    søndag 13. november 2011

    Kjærleik i mellomalderen

    Kilde:Wikimedia Commons

    På måndag skal vi få sjå den filmatiserte utgåva av den romantiske historien om Tristan og Isolde. Eit samandrag av romanen finn du på norskbloggen til Ingrid