fredag 30. desember 2011

Godt nytt år!

Foto: FlickrCC
Godt nytt år, alle saman! Eg voner at 2012 blir eit år der alle er snille mot kvarandre, dyra og jorda som vi lever på. Eg voner det blir eit år der de les mange bøker, og jobbar godt både i og utanfor norsktimane. Eg voner det blir eit år der vi får mange inspirerande og gode undervisningsøkter i lag.

Vi byrjer det nye året med å gå igjennom heildagsprøvene. Eg ser at vi framleis må jobbe mykje med skriving. Så blir det tid for å kaste seg over ein ny og spennade tidepoke, nemleg barokken.

tirsdag 13. desember 2011

Tider skal komme

Foto: Edwin Booth som Hamlet (1870)
Tider skal henrulle... No skal du lage ei digital tidsline over renessansen. Her lenkjer du til sentrale forfattar, musikk, kunst, kultur, historiske hendinger og anna du meiner kan vere med å kaste glans over renessansen. Så går du inn på bloggen din, og legg ei lenkje til tidslina der. Lukke til!

Har du nokon gong draumt å vere ein annan?

Leonardo da Vinci: Frue med hermelin
Kanskje leve på ein annan stad i ein annan tid?  No skal du få reise attende til 1500-talet. Du vel sjølv om du er fattig eller rik, ung eller gammal, ukjend eller berømt. Du kan vere nordmann, danske, spanjol, italienar eller noko anna. 

Skriv eit dagboknotat kor du skildrar kva du har opplevd denne dagen, eller dei siste dagane. Viss du vel å vere ei fattig bondejente, kan du nok verken lese eller skrive, men kanskje du finn eit snilt menneske som kan skrive ned hendingane for deg. Meir om kva dette notatet skal handle om finn du i dette Google-dokumentet.