mandag 29. august 2011

Kartlegging av den digitale kvardagen

Foto: FlickrCC
I læreplanen er digital kompetanse er ein av dei fire grunnleggjande ferdigheitene. For norskfaget tyder det:
Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner.
Eg vil difor at de svarer på denne spørjeundersøkinga slik at eg veit litt meir om kva slags vegar vi skal gå framover.

torsdag 25. august 2011

Det var en deilig, deilig dag

Foto: flickCC
men tenk nå er den over... Eg takkar for ein fin tur i lag med dykk, og ventar spent på kva de i skriv i bloggane deira i frå dagen. Sjangar vel de altså sjølve, og det treng ikkje vere langt. Vi skal sjå nærare på dette på mandag. Viss nokon kranglar med teknikken, så rettar vi opp i det då. Lukke til! Ps. Som de ser så har ikkje eg lasta ned noko bilete enno, så eg måtte jukse litt... 

tirsdag 23. august 2011

Ting vi likar

Kva er det du likar ved det norske samfunnet? Are Kalvø fekk disse svara då han spurde vennane sine. I det fyrste blogginnlegget ditt, skal du skrive om kva du likar best med samfunnet vårt. I tillegg skal du skrive snakke med minst fire andre (som ikkje går i klassen), og skrive ned kva ned kva dei tykkjer er bra med  Noreg.

Velkommen til nytt skuleår!

Eg gler meg til å ta fatt i lag med dykk! I fyrste termin skal vi vi arbeidde med det nynorske språket. Alt eg skriv til dykk vil vere på nynorsk, og mykje av det de skriv til meg vil vere på nynorsk. Dessutan skal vi lese mykje fin nynorsk litteratur. Kvifor nynorsk får du svaret på her: